Notater |
I 1630 Let Ommund dottera Kari og mågen Mons Torkelson få bygsla 24 spann av garden sine 72. Lovnaden var berre munnleg, men då Ommund døydde, let Olaug Kari og Mons få halde fram med bygsla som før.
Verre gjekk det dei etter at Olaug døydde. Då ville Torger ha Mons bort frå Utsola så han sjølv kunne ha bygsla på heile garden slik som Salmund og Ommund hadde hatt. Han Let om at Mons sat ulovleg med dei 24 spann. Utsola var krongods, oghan hadde sjølvsagt bygselbrev, men han hadde det ikkje skriftleg frå Ommund og Olaug at dei let frå seg desse 24 spann. Saka var for retten 9/12 1653 og 10/1 1654, og domen vart at det ikkje var nok med ein munnleg lovnad. Likevel var ikk
je Mons faren frå Utsola i 1668. Grunnen til det var vel at Torger døydde, men sjølvsagt måtte han bøyga seg for domen. Han flytte til Saurnes ikr. 1670, bruk 1, huslyd 1.
|