Our Family History

Knut Torgeirsen Fjetland

Mann 1618 - 1682  (64 år)


Personlig informasjon    |    Notater    |    Alle    |    PDF

  • Navn Knut Torgeirsen Fjetland 
    Født 1618 
    Kjønn Mann 
    Død 1682 
    Person ID I2773  Slektstre-1
    Sist endret 3 Jun 2011 

    Far Torgeir Nilsen Fjetland 
    Mor Astrid Knutsdatter 
    Famile ID F705  Gruppeskjema  |  Familiediagram

    Familie Torborg Olsdatter 
    Barn 
     1. Ola Knutsen Fjetland,   f. 1658,   d. 1725  (Alder 67 år)
     2. Torgeir Knutsen
     3. Marit Knutsdatter
     4. Guri Knutsdatter
    Sist endret 3 Jun 2011 
    Famile ID F704  Gruppeskjema  |  Familiediagram

  • Notater 
    • f. 1618, son av Torgeir Nilsson (nr. 5) vart bonde på Fjetland frå ikr. 1650. Frå nå av har me meir kjennskap til brukarane på Fjetland og kan fylgja ættledane nedetter tidene.
      Knut måtte venta lenge før han fekk overta farens bruk i Fjetland. Mora, Astrid Knutsdotter, sat lenge med bruket, og når det vart ledig andre bruk på Fjetland bygsla Stein Jelsa dei bort til andre som hadde mindre rett til åsetet enn Torgeirsønene. Tingbøkene for Jelsa i tidbolken 1640-50 er bortkomne, så der finn me ikkje noko om striden mellom Knut og Laurits Torgeirsøner og Stein Jelsa. Men i lagmannsretten i Stavanger 14. jan. 1648 hadde Stein Jelsa stemnd inn skrivaren Jakob Tommesen og 6 lagrettesmenn frå Jelsa fordi dei hadde dømt han, Stein Jelsa, til å ryddiggjera garden Fjetland til bate for Knut og Laurits Torgeirsøner. Stein Jelsa meinte saka ikkje var ført på rette måte og ville ha dommen underkjent.
      Jakob Tommesen møtte og svarte at drengene som dei hadde tildømt garden var søner av eldste broren og han meinte far deira måtte vera den som hadde best rett til åsetet.
      Leiglendingane som Stein hadde bygsla garden til møtte og ville ikkje godvillig røma garden.
      Lagmannen kom til det resultat at dommen hadde reint formelle feil og vert å senda attende til ny sakshandsaming ved skipreidetinget.
      Same året kom det til eit forlik mellom Stein Jelsa og enka på Fjetland, som då truleg sa opp bruket for Knut Torgeirson.
      Knut kjøpte i 1665 1 pd. sm. i Fjetland av bror sin Laurits for 34 rd. I 1666 eig Knut ½ l. sm. og brukar 1 1. sm. av Fjetland.
      I 1655 var Knut Torgeirson Fjetland utskriven soldat og var mellom dei som skulle sendast autover til grensa.
      I 1673 bur det berre to oppsitjarar på Fjetland, Knut og Gaute. Seinare overtok Knut òg Gaute sin part av Fjetland.
      Knut Fjetland var g. m. Torborg Olsdtr. Det er skifte etter Knut 26. juni 1682. Enka og sønene
      «b»a.Ola Knutson og
      b.Torgeir Knutson og døtrene
      c.Marit Knutsdtr.
      d.Guri Knutsdtr. lever etter han.
      «/b»Buet var på 138 rd. Av dette var og medrekna ½ l. sm. i Fjetland.
      Elles var det to søner, Johannes og Ånon, som var døde før faren.