Our Family History

Ola Knutsen Fjetland

Mann 1658 - 1725  (67 år)


Personlig informasjon    |    Notater    |    Alle    |    PDF

  • Navn Ola Knutsen Fjetland 
    Født 1658 
    Kjønn Mann 
    Død 1725 
    Person ID I2762  Slektstre-1
    Sist endret 3 Jun 2011 

    Far Knut Torgeirsen Fjetland,   f. 1618,   d. 1682  (Alder 64 år) 
    Mor Torborg Olsdatter 
    Famile ID F704  Gruppeskjema  |  Familiediagram

    Familie Ane Ommundsdatter Finnvik 
    Barn 
     1. Knut Olsen,   f. 1691,   d. Ja, ukjent dato
     2. Ommund Olsen Fjetland,   f. 1695,   d. Ja, ukjent dato
     3. Anna Olsdatter,   f. 1697,   d. 1697  (Alder 0 år)
     4. Ola Olsen,   f. 1699,   d. Ja, ukjent dato
     5. Anfinn Olsen,   f. 1700,   d. Ja, ukjent dato
     6. Anna Olsdatter,   f. 1703,   d. Ja, ukjent dato
     7. Johannes Olsen,   f. 1706,   d. Ja, ukjent dato
     8. Torborg Olsdatter,   f. 1710,   d. Ja, ukjent dato
    Sist endret 3 Jun 2011 
    Famile ID F703  Gruppeskjema  |  Familiediagram

  • Notater 
    • I 1671 vart han utskriven til soldat og tente Kongen til 1680, då fekk han soldatpasset sitt og kunne reisa heim.
      Han kjøpte i 1685 1 pd. 9 sm. i Fjetland av Magla Kilane. Ho hadde arva det etter far sin, Stein Jelsa. I 1693 kjøpte han av bror sin Torgeir Knutson 14 m. sm. i Fjetland. Det ser ut til at ei av søstrene er død før den tid. Den halve laup smør som faren åtte er nå delt med 14 m. sm. på kvar bror, og 7-8 m. sm. på ei søster. Det vart litt krangel mellom brørne om desse 14 m. sm. Torgeir Knutson stemner bror sin Ola Knutson til tings fordi han ikkje vil kjøpa desse 14 m. sm. av han, heller ikkje vil han ha han inn på Fjetland så han kan bruka godset sitt der. Ola Knutson møtte på tinget og baud bror sin førstebygsel av 14 m. sm. og for godset 1 rd. for marka. Men Torgeir kravde 1 ½ rd. for marka og dessutan hans part av husa på Fjetland som var over åbotet.
      Saka vart utsett til neste ting. Torgeir Knutson og Ola Langeland skal møta på Fjetland 16. aug. s. å. til endeleg dom. Det kan sjå ut som om Ola Langeland er gift med ei søster av Ola og Torgeir Knutsøner. Elles er han ikkje nemnd under denne sakshandsaming.
      På hausttinget 1693 kjem saka oppatt om desse 14 m. sm. i F i etland. Ola Fjetland møtte og la fram for retten «en gammel forslitt og sønderreven laugmannsdom dat. 16. sept. 1617 angående bunestaden i Fjetland.» Det var sikkert hans farfars innpassbrev på Fjetland. Han la og fram for retten sitt soldatpass dat. 1680, der det sto at Ola hadde tent som soldat og utskriven 1671. Likeeins ein dom av Jakob Tommesen, tingskrivar, og 6 menn, dat. 30. april 1647. Ola Fjetland la og fram bygselsetelen sin. Og tilslutt la han fram eit forlik mellom Stein Jelsa og enka på Fjetland, dat. 25. sept. 1648. (Sjå og under nr. 11).
      Dommen gjekk ut på at Ola Fjetland skulle gje bror sin 15 rd. 2 m. for godset og i førstebygsel 1 støvlehud etter loven, verdsett til 2 rd. 6 m. Tilsaman 18 rd.
      I 1693 kjøpte Ola Fjetland 1 pd. 9 m. sm. i Fjetland av Ola Nilson Solberg. Då eig han 4 pd. 6 m. sm. i garden. I 1715 auka til 4 pd. 18 m. sm


      Ola Knutson delte Fjetland i to like parter i 1720. Frå den tid kan me fylgja kvart bruk på Fjetland fram til det bruksnr. dei fekk i 1906
    • (Research):http://www.slektsdata.com/Bygdeboeker/Jelsa/Fjetland/JBrukFje.htm