Notater |
- Bruk 1 vart skild frå bruk 11 ein gong fyrst i 1650-åra. Fyrste bonden ser ut til å ha vore Ola O. Rygg. Etter han fylgde Knut Olsson.
Knut vart avløyst av Børild Persson i 1666. Med Børild slo ein "storfugl" seg ner på garden. Han var då alt 56 år, og høyrde til ein av dei mektigaste bondætter på Nord-Jæren. Faren var Per Olsson Jåttå.
I tjueårsalderen hadde Børild gifta seg med lennsmannsenka Guri Madla og vart bonde på heimgarden hennar ei tid. Da Madla vart gjort til avlsgard under Kongsgård i 1638, fekk han tilbod om ei jamgodt bruk på Nordre Stokka og flytta dit. I 1652 vart han vald til lendsmann i Goa skipreide, eit verv han hadde i 12 år. Guri døyde mens dei budde på Stokka. Ny kone fann han på Grødem i Torsborg Persdotter. Ho døyde alt i 1668.
Før eit år var gått, gifta Børild seg for tredje gongen med Marit Håland. Frå desse ekteskapa kjenner me til tri døtrer og ein son. Børild hadde vore ein rik mann og arva ikkje lite jordegods. (jfr. Ætt og Heim 1958, s. 140). Men då han kom til Rygg, hadde rikdommen minka. I den tida han budde her, svara formua hans stort sett til 90 dalarar. Gjennomsnittsformuen for bøndene ellers i Randaber låg på 65 dalarar.
Av eigneluter hadde huslyden hans i november 1668 eit kornlager på 1200 kilo havre. Dessuten åtte dei for 6 dalarar i sølv medan sengetøyet var verd 16 dalarar, omlag det samme som seks fullvaksne kyr. Børild hadde og med seg ei børse frå lennsmannstida. Trass i ein viss velstand, budde dei i årestove. Bileggjaromn hadde dei endå ikkje sett seg i stand til å kjøpa.
Etter at Børild døyde i 1674, fann Marit seg ny mann i Helge Tormodsson. Helge var kring 33 år då han fekk bygselbrevet i sammband med dette giftarmålet. Hann vann vørdnad i bygda og var kyrkjeverge i perioden 1707 til 1710. Han var og mykje nytta som domsmann ved bygdetinget.
|